Karl Johan Hallaråker

Hedret av Kongen

Karl Johan Hallaråker vart laurdag tildelt Kongens fortenstmedalje i gull

Karl Johan Hallaråker får medaljen for si lange teneste i misjon, kyrkje og samfunn – både i Noreg, men og i nordisk og europeisk indremisjonssamanheng.
Han vert og heidra som ein av dei fremste talsmenn for lågkyrkjeleg konservativ evangelisk luthersk kristendom, for aktiv støtte til Israel og for eit kristent verdiengasjement i politikken.

Til grunn for tildelinga ligg og hans allmenne samfunnsengasjement, synleg gjennom ulike media og debattar, men og i konkret politisk arbeid.

I tillegg til misjon og politikk, har Karl Johan Hallaråker også vist eit brennande engasjement for friskuletanken og foreldreretten som ligg til grunn for denne.

Søknaden som ligg til grunn for tildelinga er underteikna generalsekretær Erik Furnes og formann Sverre Dag Ljønes, begge Indremisjonsforbundet, og Torill Selsvold Nyborg, tidligere fylkesordførar i Hordaland. I grunngjevinga frå søkjarane heiter det:
Karl Johan Hallaråker har sett djupe spor etter seg, både nasjonalt og internasjonalt. Han er vel kjend, og høgt respektert, langt ut over dei miljøa og samanhengane der han har utført sitt daglege virke. Det er difor med vyrnad og stor glede me legg fram denne søknaden.

Utdelinga skjedde laurdag 5. november kl 1300 på Bildøy Bibelskole med familie og andre inviterte gjester tilstades. Utdelar var assisterande fylkesmann Rune Fjeld.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.